Bjørkedalen er ei vakker og fredelig bygd som ligg ved E 39, midt mellom Nordfjordeid og Volda. Her er du omkransa av glitrande vatn og elvar, vill natur og bratte grøderike fjellsider. Det perfekte utganspunkt for storslagne naturopplevingar!

 

Området har svært gode fisketilhøve og flotte turterreng. I Kilsvassdraget og Bjørkedalsvatnet finn du laks, aure, ål, og røye. Fjellheimen er rik på mineralførekomster som t.d olivin. Bjørkedalen er av geologar karakterisert som ein geologisk perle. Helset Hytter og camping har til sammen 6 velutstyrte hytter i forskjellige størrelser. Frå den største med 8 sengeplassar nedover til den miste med 4 senger.

Vi har også ein liten campingplass med moderne sanitæranlegg med alt du trenger. Til barna har vi laga til ein leikeplass med trampoline, sandkasse, huske, liten fotballbane m.m. Suvenir og brukskunstbutikk som ligg i tilknyting til kiosken. I kiosken prøver vi å ha det du skulle ha behov for, i tillegg til vanlege kioskvarer. Vi har enkel uteservering der du kan slappe av med ein kopp kaffe og noko å bite i om du skulle ønske det.

Vist du vil prøve fiskelykka på Bjørkedalsvatnet eller rett og slett berre slappe av. med ein båttur, så har vi båtar til leie. Fiskekort får du kjøpt i kiosken/ resepsjonen. Vegen langs Bjørkedalsvatnet er som skapt for ein fredelig sykkeltyr. Sykkel får du leid ho oss.

Det er også tilrettelagt med ein merka tursti i fint skogsterreng med utgangspunkt frå resepsjonen.